
Krigsvinteren 1944: Oddmund er på ei hytte på vidda saman med ein konvoi på tolv flyktningar som han skal losa ut til kysten, der ein båt skal plukka dei opp. Oddmund nølar med å dra, han ventar på kjærasten Ragnhild. Når ho endeleg når fram, har det i mellomtida blese opp til storm, men konvoien må likevel leggje av garde. Våren etter dukkar tolv lik opp frå snøen.
Arne Skouen skreiv manuset til dette tette dramaet i samarbeid med Johan Borgen. Ramma om filmen er norsk, men den allmenne appellen sørga for at den og vakte oppsikt i utlandet. Tom Milne skreiv begeistra i «Sight and Sound» at Kalde spor var «en fremragende studie i skyldfølelsens besettelse».
Attributt | Verdi |
---|---|
Spilletid | 1t 36m (96 minutter) |
Produsert | Norge 1962 |
Regi | Arne Skouen |
Medvirkende |
Toralv Maurstad, Henny Moan, Alf Malland |
Tale | Norsk |
Tekst | Utekstet |
Aldersgrense | 12 år |
Visningsformat | 35mm |
Forestillinger
Se mer av