Donnie Darko

Why are you wearing that stupid man suit?

Ei natt går Donnie Darko i søvne ut av huset og ser den gigantiske kaninen Frank, som fortel han at verda vil ende om 28 dagar, 6 timar, 42 minutt og 12 sekund. Når Donnie kjem tilbake til huset, har ein jet-motor tilfeldigvis krasja i rommet hans.

Året er 1988, og Donnie går siste året på high-school. Han er ein noko forstyrra tenåring som lid av alle former for desillusjonar og hallusinasjonar, samtidig som han har ein djupare intelligens og persepsjon som til tider skremmer venene. Han går til terapi og tar medisinar, men ingenting ser ut til å fungere. Donnie blir verre, men er det fordi han går lenger inn i den mentale hengemyra, eller er det fordi han faktisk ser og opplever desse tinga? Frank held fram med å dukke opp i hovudet hans, og både Donnie og publikum har ei utfording i å få brikkene på plass.

Donnie Darko var debutfilmen til Richard Kelly, og inneheld element av tenåringskomedie, sprø satire, skrekk og science fiction. Alt dette vert til ei rar og fengslande filmoppleving som rask fekk klassikarstempel og stadig overraskar.

Teknisk informasjon om filmen Donnie Darko
Attributt Verdi
Spilletid 1t 57m (117 minutter)
Produsert USA 2001
Regi Richard Kelly
Medvirkende

Jake Gyllenhaal, Jena Malone, Mary McDonnell

Tale Engelsk
Tekst Utekstet
Aldersgrense 15 år
Visningsformat 35mm
Bildeformat 2.35:1
2.35:1