Visste du at ein kan leige kinosal på Cinemateket?

På Cinemateket kan du leige dei beste kinosalane i byen for å sjå ein god film i lag med vennar eller kollegaer. Eller kanskje har du lyst å arrangere premierefest eller ein konferanse? Høg teknisk og fagleg kompetanse gjer gode opplevingar enkelt å få til hos oss.

Cinematekets fasade med store vinduer og lysende skilt hvor det står Norsk filminstitutt og Cinemateket.

Foto: Rolands Boss Photography (fra Baltiske filmdager 2023).

Cinemateket har fleire rom og salar tilgjengelege for utleige, og kan skreddarsy eit tilbod til dei fleste typar arrangement. Kinosalane eignar seg like godt til foredrag, seminar og konferansar som til kinovisningar. Når du leiger hos oss, er vertskap og teknikarar som sørgar for gode gjennomføringar alltid inkludert i prisen.

Kinosalane

Tancred og Lillebil er dei to salane våre, og har maks kapasitet på 195 eller 70 personar. Begge er elegante og klassiske kinosalar, med svært god kvalitet på både bilete og lyd. Både Tancred og Lillebil har godt teknisk utstyr for avvikling av seminar og konferansar, og i Tancred er det også mogleg å kople til ein ekstern lydrigg, som du kan sjå eksempel på frå ein av dei mange stumfilmkonsertane våre. Du kan lese meir om salane på utleigesidene våre.

Cinemateket lagde en nydelig ramme rundt vår fagdag om trær. De ansatte har lang erfaring med arrangementer og kom med gode anbefalinger, men var også fleksible og åpne for våre ideer. Vi hadde god kommunikasjon i forkant og fikk uvurderlig praktisk og teknisk hjelp under gjennomføringen. Vi ser fram til å holde flere arrangementer på Cinemateket. – Maja Ljungberg Bjåland/Oslo kommune Plan- og bygningsetaten
Våre frokostseminarer de siste årene har blitt arrangert på Cinemateket. Det er sentralt, moderne, romslig og veldig godt egnet til gode presentasjoner og vellykket mingling og faglig nettverksbygging. I tillegg har de kompetente, dyktige og løsningsorienterte ansatte som løser det meste i forkant og underveis i arrangementet. Sølvi Johansen/Task Alliance AS
En stor roll-up med profilering av frokostseminar i regi av Task Alliance.

Task Alliance arrangerte sin årlige frokostkonferanse om digital læring på Cinemateket våren 2024.

Noen mennesker og en roll up i et stort rom.

I foajeen hadde de rigget opp med informasjonsstand og profilering.

Selve frokostkonferansen ble arrangert i Tancred.

Møterom og feirbruksrom

I fleirbruksrommet Bølgen er det mange moglegheiter. Her arrangerar vi ofte kurs og aktivitetar for barn og unge, og har også hatt lydinstallasjonar og foredrag. Rommet har både lerret og skjerm, og kan møblerast på mange forskjellige måtar som gjer det svært fleksibelt.

Dei to møteromma vi har i 2. etasje, Veiviseren og Lykkeland, er mogleg å leige dersom dei er ledige. Desse kan ein ikkje reservere på førehand, men det er lagt opp til ei enkel drop in-løysing. Ta kontakt med personalet i billettluka for direkte reservasjon, rettleiing og betaling.