Sjå på lyden, lytt til bilda

Vi viser åtte filmar av den italienske regissøren Bernardo Bertolucci, som døyde i 2018.

Bernardo Bertolucci på innspilling i den forbudte by.

Bernardo Bertolucci vart i 1941 fødd inn i ein borgarleg familie i Parma, Italia. Faren var ein kjent lyrikar som mellom anna livnærte seg som filmkritikar, og av faren lærte han å sjå, forstå og verte glad i film. Berre åtte år gammal begynte Bernardo å vere med faren på filmpremierer, og knapt 16 år gammal laga han sin første 16mm fiksjonsfilm.

Bertolucci vart tidleg påverka av Pier Paolo Pasolini – som 20-åring var Bertolucci regiassistent på Pasolini sin første film Accattone (1961). Pasolini er ein av dei italienske regissørane som Bertolucci har størst respekt for og som har inspirert han mest. I 1962 debuterte Bertolucci med sin første langfilm Døden er en gammel kvinne. Denne Pasolini-inspirerte skildringa av bakgatene i Roma er eit raffinert og impresjonistisk filmpoem. Fleire trekk ved denne første filmen går igjen i seinare filmar av Bertolucci: Plot organisert rundt ei etterforsking, gåtefulle hovudpersonar, døden som et sentralt tema og dans som eit forteljarteknisk verkemiddel.

Så kom Før revolusjonen basert på Stendhals roman Kartusianerklosteret i Parma (1838) – ein film om oppbrot og tapte ideal. Det kan vere vanskeleg å tru at Bertolucci berre var 23 år gammal då han laga den. Filmen vert rekna som eit landemerke i politisk film og vart i si tid rekna som ein av dei største prestasjonane i ny italiensk film. Før revolusjonen gav Bertolucci omdømme som eit vedunderbarn; politisk medveten og med sans for opera og klassisk litteratur – men med liten kommersiell appell.

Det tok fire år før Bertolucci fekk lage sin neste film, Partner (1968). I mellomtida laga han blant anna dokumentarar for tv og arbeidde på manuset til Sergio Leones legendariske Once Upon a Time in the West (1968). Bertoluccis påverknad av den franske nybølge-regissøren Jean-Luc Godard er svært tydeleg i Partner. Filmen er full av lange resitasjonar, godardske collagar og absurde situasjonar. Godard var ikkje berre eit forbilde, men også ein nær venn av Bertolucci. Men forholdet mellom dei kjølna etter Partner, og vart spesielt vanskeleg etter at Bertolucci skreiv kontrakt med Paramount for å lage Fascisten (1970).

Høgdepunkt

Alberto Moravia sin roman Il conformista er grunnlag for Fascisten som saman med Edderkoppens strategi markerer frigjeringa frå Godard. Fascisten er tydeleg signert av meisterfotografen Vittorio Storaro: uvanlege kameravinklar og rik fargebruk viser det dekadente og barokke i borgarskapsmiljøet som filmen skildrar. Edderkoppens strategi er både paradoksal og forvirrande, men så elegant og tilsikta gåtefull at vi må bli imponert.

Desse filmane vert saman med Siste tango i Paris rekna som det kunstnariske høgdepunktet i Bertoluccis karriere. Dette er filmar som viser Bertolucci sitt store talent i full utfolding og som med rette har påverka ein heil generasjon filmskaparar, særleg dei italiensk-amerikanske regissørane Francis Ford Coppola og Martin Scorsese. Enkelte hevdar til og med Coppolas Gudfar-trilogi ville ha vore utenkelege utan Bertolucci. Siste tango i Paris tok pusten frå presse og publikum. Den amerikanske filmkritikaren Pauline Kael skreiv i sin vidgjetne kritikk at «Bertolucci og Brando har endra ei kunstform. Premieren for Siste tango i Paris vil bli ein filmhistorisk dag.» Den gjekk for fulle hus på kinoar i Paris og New York, men i regissøren sitt eige heimland vart filmen etter eit par dagars framsyning forboden. Sex, perversjonar og sadomasochisme vart for hard kost for mange og sjeldan har ein film skapt så alvorlege diskusjonar i filmmiljøa. At Maria Schneider sto fram og sa at ho hadde blitt manipulert av Bertolucci, har også hefta ved filmen.

Siste tango i Paris ga Bertolucci økonomi til å lage 1900 (1976), der hans antifascistiske haldning og kommunistiske sympatiar kjem klarare fram enn i nokon tidlegare film. Filmen vekslar mellom dei store historiske linjer og enkelpersonane sin lagnad, som eit italiensk (og marxistisk) svar på Dr. Zhivago (1965) eller Tatt av vinden (1939). Tre år seinare kom La Luna – ein film om ein operasongar og hennar incestuøse forhold til sonen. Både det vanskelege temaet og den kunstnariske utføringa gjorde La Luna omdiskutert.

Internasjonale produksjonar

Bertolucci vart etterkvart lei av korrupsjonen og dei politiske tilhøva i Italia og forlét fedrelandet. Han begynte no å lage internasjonale, engelskspråklege filmar i til dels stort format. Han reiste først til Kina der han innleia det som kan kallast den orientalske trilogien. I Kina filma han Den siste keiseren (1987). Denne visuelt storslåtte og interessante historiske filmen fekk heile ni Oscars og rehabiliterte umiddelbart Bertolucci sitt omdømme internasjonalt og gjorde han kjent hos det breie publikum. Med himmelen som tak (1990), basert på Paul Bowles roman med same namn, var nummer to i trilogien og vart langt meir lunkent motteken. Trilogien vart avslutta med Lille Buddha (1993) en moderne fabel om eit barn valt til store oppgåver.

I Stealing Beauty (1996) og Besieged (1998) vendte Bertolucci tilbake til heimlege trakter og Italia. The Dreamers (2003) var eit blikk på si eiga ungdomstid, der Bertolucci ville skildre ei tid då dei unge trudde dei kunne endre verda. Hans siste langfilm Io e te kom i 2012, og skildra to halvsøsken som tilfeldigvis gøymer seg i same kjellar for å sleppe unna problema sine.

Bernardo Bertolucci var ein allsidig filmkunstnar med stor kjennskap til både film, litteratur og andre kunstformer. I tillegg til Pasolini og Godard må Howard Hawks, Alfred Hitchcock, Michelangelo Antonioni, Jean Renoir, Kenji Mizoguchi og Roberto Rossellini reknast blant læremeistrane. Fleire av filmane hans er dessutan påverka av bildekunst, både italiensk impresjonisme og europeisk samtidskunst. Det er nettopp bilda som er Bertoluccis fremste kjenneteikn. Filmfotograf Vittorio Storaro var fast inventar på Bertoluccis produksjonar, blant anna Siste tango i Paris, 1900, Den siste keiseren og Lille Buddha.

Dans og musikk

Bertolucci nytta fleire andre særmerkte stilistiske grep. Eit påfallande kjenneteikn er den sentral rolla dans og musikk spelar. På same måte som hos Sergio Leone er musikken ein integrert del av handlinga, dei to filmskaparane nytta også den same komponisten, Ennio Morricone. I nesten alle filmar av Bertolucci er det ei dansescene som markerer vendepunktet i filmen. I Før revolusjonen avslører Fabrizio kjærleiken til tanta medan dei dansar. I Fascisten bestemmer Marcello seg for å sette drapsplanen på Quadris ut i livet medan konene deira dansar saman. Etter brotet i Siste tango i Paris endar Jeanne og Paul i ein ballsal med ein tangokonkurranse. Bernardo Bertolucci var ein kunstnar med fast grep om eit bredt spekter av stilistiske verkemiddel. Dei argaste kritikarane vil ha det til at han berre er ein overflatisk stilist, at det er lite substans under den glitrande overflata. Det er opplagt at Bertolucci ikkje lykkast med alt han ga seg i kast med, men han var likevel ein intenst sjølvmedveten filmskapar med eit klart formål med måten han utforma verka sine, med ein nøye uttenkt idé om samanhengen mellom form og innhald slik hans beste filmar så klart vitnar om. Det er berre overflatisk sett han var overflatisk.

Mann og mennesker med faner og flagg.

Før revolusjonen.

Mann og flere kvinner.

Fascisten.

Kvinner i kamp.

1900.

Keisen og konkubine.

Den siste keiseren.

Kvinne i ørkenen.

Med himmelen som tak.

To menn og en kvinne i et badekar.

The Dreamers.