Jone Kvie sine to himmellekamar prydar Cinemateket

Sterke krefter møtast i Jone Kvie sine lysande, bronsestøpte himmellekamar som svevar over publikum på Cinemateket. Det er KORO (Kunst i offentleg rom) som har kuratert kunstverket i samband med nyopninga tidlegare i år.

Gulfarget bronseskulptur som ligner på et himmellegeme i forgrunnen. I bakgrunnen en hvit rund kule. Begge henger fra taket.

Foto: Ruben Ratkusic.

I 1986 eksploderte romferja Challenger over Atlanterhavet, berre 73 sekund etter å ha forlate bakken. Oppskytinga blei vist direkte på fjernsyn, og gjorde djupt inntrykk på den då 15 år gamle Jone Kvie. I dag er verdsrommet og mysteria kring ein viktig del av kunstnarskapet hans. Det same gjeld film; Kvie lar gjerne eit bakgrunnsobjekt eller ei stemning frå ein film få eit konkret utløp i verka sine. Hans drivkraft som kunstnar blir gjerne omtalt som eksistensialistisk. Kva betyr det å vere menneske i verda?

Bronseskulpturane svevar i rommet som lysande objekt i kinomørket. Dei heng saman, men representerer ulike fenomen. 70 kilo tunge Stellar Core II er basert på bilete og målingar av dei kraftige prosessane som heile tida føregår i stjernene. Energien som blir forløyst imellom anna solstormar er visualisert ved at profane objekt som ballongar, avispapir og pappmasjé er plasserte utanpå det kuleforma sentrumet til skulpturen. Medan dei leikne formene i Stellar Core II er gitt av indre prosessar i kjernen til stjerna, blir den mindre, månelignende Lunar body (event) treft av krefter utanfrå. Forma blir forandra av den ytre påverknaden frå ein annan himmellekam. Saman gjer skulpturane forsøket på å forstå det ukjende fysisk form. Dei er enkle å lese, samtidig som dei opnar for at betrakteren kan fylle inn ei eiga historie.

Gul skulptur som henger fra taket i forgrunnen. Mennesker på toppen av en trapp i bakgrunnen.

Frå opninga av Oslo stumfilmfestival 2023. Foto: Helge Brekke.

To planetlignende kunstverk henger fra taket. De sees gjennom et vindu med spilefolie.

Frå opninga av Oslo stumfilmfestival. Foto: Helge Brekke.

Gul skulptur som henger fra taket. Sett nedenifra.

Foto: NFI.

En hvit rund skulptur som henger i luften.

Foto: KORO

Cinematekets fasade med vinduer på kveldstid. Cinemateket og Norsk filminstitutts skilt preger bildet.

Cinematekets fasade. Foto: Helge Brekke.

Kunstnaren Jone Kvie

Jone Kvie (f. 1971) er utdanna ved Kunstakademiet i Oslo, og bur og arbeider i Napoli og Berlin. Han har stilt ut ved mellom anna AROS Kunstmuseum i Århus, Nasjonalmuseet og Kunstnernes Hus i Oslo og Bergens Kunstmuseum, og dessutan galleri over heile verda. I 2022 deltok han på den 15. utgåva av Documenta i Kassel.

Faktaboks

Adresse: Norsk filminstitutt/Cinemateket, Dronningens gate 16, 0152 Oslo
Fylke: Oslo
Kunstnar: Jone Kvie
Ferdigstilt: april 2024
Fagkomité: Camilla Løw, Robert Johansson og Eli Skatvedt (hausten 2021)
Prosjektansvarleg i KORO: Elisabeth Tetens Jahn og Anna Katharina Haukeland
Program: Kunst til leigebygg og eldre statsbygg (LES)