Cinemateket si sjel og nytenking

Det er SAAHA arkitekter i samarbeid med iARK interiørarkitekter som har stått bak den nye utforminga av lokala våre. Den viktigaste utfordringa, meiner arkitektane, låg i å bevare sjela til Cinemateket samstundes som ein tenkte heilt nytt kring publikum sine opplevingar.

Cinemateket si fasade med masse vindauge og neonskilt.

Vi sto ovanfor eit spanande vegskilje i Cinemateket si historie. Alle filmentusiastar elskar opplevingane Cinemateket tilbyr, men dei gamle lokala var kanskje blitt ein hemsko for kor ein ville vidare. Dei nye løysingane fann vi faktisk ved å dukke tilbake i historia, fortel SAAHA arkitekter.

Kinokjensla

Den ferdige løysinga vert kalla både ei hylling til den gode, gamle kinokjensla og ei erkjenning av at ein er i eit gammalt, robust lagerbygg frå 40-talet. Design og val av materiale har difor blitt til i eit spanande møte mellom grove betongkonstruksjonar og forfina trematerialar. Arkitektane ville finne tilbake til den gamle høgtidskjensla ved å gå på kino, og det har vore ei målsetjing å gi kinobesøkande og andre gjester ei oppleving frå dei møter bygget, gjennom inngangsparti og heilt inn i salane og opplevinga på kinolerretet.

Foajeen på Cinemateket med plakatoppheng i forgrunnen og konturene av mennesker i bakgrunnen.

Publikumsarealet er blitt eit opent og lyst lokale, samstundes som eit bølgande «sceneteppe» i eik sender tankane i retning av gamle, ærverdige kinoar. Når du kjem bak sceneteppet, er du inne i det aller heilagaste – dei prislønte kinosalane.

Ei oppleving

Publikumsområda strekk seg over to etasjar. Her har trappedesignar og kunstnar, Tron Meyer, utforma ei flott svingande eiketrapp, som også er synleg frå gata. Å bevege seg i denne trappa er ikkje berre å komme seg frå A til B, men ei lita oppleving i seg sjølv.

Trappa på Cinemateket sett utanifrå i kveldsljos.
Bilde av en vindeltrapp i tre med et menneske i. Rustikke murbjelker og rekkverk rundt.
En vindeltrapp i tre. Mennesker i bevegelse. En plante i forgrunnen.
Trapp med gående mennesker.

Fasaden har blitt fornya – og flytta på. For at aktivitetane inne skal vere synlege ut mot gata har ein reetablert det gamle fasadelivet ute ved fortauet. Store vindauge opnar opp og arkitektane håper at varmen innanfor også vil setje sitt preg på livet på fortauet ute.

Gjenbruk og mangfald

Vi tenkjer at det mest berekraftige du kan gjere er å bruke gamle bygg om igjen, seier arkitektane. Det er ikkje berre i CO2-avtrykk det gir meining, det gir oss i tillegg gode kvalitetar i eksisterande materialar. Cinemateket er også ein institusjon kor publikum har mange minner og opplevingar knytt til sjølva staden, og difor har vi prøvd å legge til rette for å fortsetje denne tradisjonen. Målet vårt er at Cinemateket skal opne opp for eit breitt mangfald av besøkande, at lokala er like imøtekomande for alle aldrar og bakgrunnar.

Det er jobba grundig med utforming og rettleiing for framkomme i bygget. Det er sett av plass til benkar der ein kan kvile og til trygg plassering av barnevogner. Under arbeidet med løysingane har vi hatt med oss satsinga til Norsk filminstitutt på mangfald i tankane, og vi håper mange finn vegen hit, seier iArk interiørarkitekter.

Kveldsbilde av fasaden til Cinemateket med lysende neonskilt.
En spilevegg med tre plakater opphengt i sorte rammer og sorte plaketter ved siden av. Et menneske kledd i sort beveger seg ut til høyre i bildet.
Et gult planetlignende kunstverk henger ned fra taket.
Albert Åberg sitter ved et langbord i barnestørrelse med mange små stoler rundt. I bakgrunnen står en skjenk med masse leker og veggen er en spilevegg.
Bakhodet til en stor Albert Åberg-figur i kosedyrutførelse med en stor vindusfasade foran seg.
Bunnen av en tretrapp og lite platå. Det er ledelinjer i bronse som leder frem til trappen. Gulvet er i lys betonglignende materiale.
Et møterom med masse stoler og et bord. Et stort vindu i enden hvor man ser ut i Cinematekets lokaler.
Øverste parti av en grå dør med en murbjelke over med skilt hvor det står Tancred med store bokstaver.

Foto: Ruben Ratkusic og Helge Brekke