Dette får du som medlem

Publisert: 23.02.2012 | Sist endret: 15.10.2015

Det er ikkje obligatorisk å vere medlem ved Cinemateket, men som medlem får du både billigare billettar og ein del andre fordelar.

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

Medlemskortet kostar kr. 100. Medlemskortet er gyldig i seks månadar frå kjøpsdato, og gir rett til å kjøpe billettar til kr. 50 til alle ordinære framsyningar. Kortet kan ladast opp før utløpsdato utan at du mistar perioden du allereie har betalt for. Du kan også lade kortet ditt for eit heilt år ved å kjøpe to periodar samtidig, då blir prisen totalt kr. 200 for eit år.

Som medlem får du følgjande fordelar:

  • redusert billettpris i medlemsperioden, også på arrangement med annan pris enn ordinær
  • tilbod om heimsendt programkatalog
  • medlemskort gjeld som festivalkort ved fleire festivalar med filmvisingar på Cinemateket (Film fra sør, EURODOK)
  • rabatt på Norsk filminstitutts dvd-utgivingar (seljast i billettluka / skranken) i tillegg til 20 % på øvrige salsvarer

Ved kjøp av medlemsbillett via nett må gyldig medlemskort visast eller kjøpast ved henting av billettar. Hugs å bringe med deg referansenummeret ved henting av billettane du kjøper på nett.