Barnas filmrom

Publisert: 06.08.2013 | Sist endret: 03.07.2017

Sjå film, leik med film, lær om film.

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

Relatert

Barnas filmrom er eit rom som innbyr både til leik og aktivitet knytt til læring. Barn kan lage sine eigne filmleketøy eller fargeleggje bilete frå kjende filmar. Vi har også fått Brio-tog og Duplo-klossar som dei minste kan leike med.

Zoetropen fra Filmmuseet er gjenskapa i to utgåver. Teikningane i zoetropene kan byttast ut, og man kan også lage sine eigne teikningar til dem. Her finn du óg oppskriftar på korleis du kan lage dine eigne filmleiketøy. Eller kva med å fargeleggje ein klassisk filmplakat og bilete frå kjende stumfilmar?

Her visar vi også film på lerret for skular og barnehagar.

Barnas Filmrom_lerret_web

For dei minste barna
Det er nye leiker og puslespill for dei minste barna og gode puter til å leike og base med. Når barnehagar kjem på besøk så kan dei slå seg ned i sacco-sekkane og sjå film. Etterpå kan dei teikne opplevingane sine ved det store bordet.

I helgene kan foreldre og barn leike og slappe av før og etter framsyningar på Barnas Cinematek.


For dei litt større barna

Vi hald fram med animasjonsfilmverkstadane våre, som vi gjer i samband med Den Kulturelle Skulesekken. Det vil no bli lettare å lage film hjå oss sidan det blir meir armslag for unge animatørar. Ved det store bordet kan gruppa jobbe saman med filmen som dei lager.

Barnas filmrom_ bord_web


Barnas filmrom kan og lånast gratis ut til lærarar som vil lage animasjonsverkstad for elevar. Vi har animasjonsboksar og materiale tilgjengeleg. Det einaste de treng er ein iPad eller eit kamera og et animasjonsprogram til etterarbeidet.

Ting ein filmframsyning
Som før er det også mogleg å tinga filmframsyningar for barnehagar og skuler. Vi har laga ei liste med gode filmar som både barn i barnehage og på småskuletrinnet vil ha glede av: Her er Caprino-klassikerar, Emil i Lønneberget, Pippi Langstrømpe, nyare norsk kortfilm og perler frå filmhistoria. Filmvisninga er gratis for skuler og barnehagar. Hugs å tinge tid på førehand!

Vi gleder oss til å i mot filmglade barn – og vaksne!

Kontakt