Generelle leigevilkår

Publisert: 26.05.2010 | Sist endret: 12.06.2015

Kinosalane har eit høgt belegg, så det lønner seg å vere ute i god tid med bestillinga di. Sjå kontaktinformasjon i margen til høgre for leige av kinosal.

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

Minste leigetid er 2 timar. Ut over dette kalkulerast leiga pr. påbyrja time etter gjeldande leigesats. Leigeprisen som gitt i prislista inkluderer éin teknikar/ kinomaskinist.

Leigetakaren er sjølv ansvarleg for å bringa og henta film og anna materiale som blir brukt under arrangementet. Filmkopier, filmklipp, presentasjonar og liknande materiale må leverast seinast kl. 12.00 dagen før visinga. Leigetakaren skal sjølv sjå til at dette blir henta umedelbart etter visinga, NFI syrgjer ikkje for retur av innlevert materiale.

Ved leige av salen til anna enn reine filmvisingar (som møte, kurs eller arrangement i samband med filmvising) skal kjøreplan med tekniske behov sendes NFI seinast dagen før  arrangementet.

Teknisk anlegg skal berre betenast av Norsk filminstitutts medarbeidarar. NFI er ikkje erstatningspliktige dersom teknisk svikt eller anna uventa gjer at framsyninga må avlysast/ikkje er tilfredsstillande. Avtalt leigesum vil i så tilfelle bli heilt eller delvis refundert.

Leigetakar har status som juridisk ansvarleg arrangør, og er sjølv ansvarleg for å klarere visningsrettar med rettshavar.

Avbestilling

Avbestillingsfristen for hel- og halvdagsseminar er 4 uker, for kortare visingar og arrangement  er fristen 2 uker. Ved avbestilling av bekrefta leigetid etter desse fristane blir leigetakar fakturert for 50% av avtalt leigebeløp. Ved avbestilling seinare enn ei uke før arrangement faktureres heile leigebeløpet.

Bruk av øvrige publikumsareal

Bruk av publikumsareala utanfor kinosalane må avtalast på førehand. Ved slik bruk skal leigetakar vise omsyn til øvrige besøkande. Leigetakar er ansvarleg for å rydde opp etter seg når visinga/arrangementet er avslutta. Plakatar hengast opp på anviste plassar etter avtale.

Servering

Filmkafeen har serveringsbevillning i kinosalane, samt i foajeen i 2. etg., og all bevertning i forbindelse med arrangement må bestillas herifrå.

 Det er høve til å ta med drikke, men ikkje mat inn i kinosalen. Om NFI finn det nødvendig kan reingjeringshjelp tilkallast i etterkant av arrangement, utan at det er avtalt på førehand. Dette betalast i tilfelle av leigetakar.

Marknadsføring av eksterne arrangement

I informasjonen om arrangementet skal leigetakaren sørgje for å tydeleggjere at arrangementet verken er ein del av NFI eller nokon av NFIs verksemdsområde som Cinemateket eller Filmmuseet, samt sørgje for at desse ikkje brukast som stadsavmerking i annonsar og informasjonsmateriale. All stadsavmerking skal knyttast til Filmens Hus, Dronningens gate 16 eller kinosalane Tancred og Lillebil. Vi ber også om at leigetakar ved kontakt med presse presiserer at deira arrangement ikkje er eit Cinematek-arrangement eller knytt opp mot andre av NFIs verksemdsområde.

NFI kan tilby billettsal for visinga etter nærare avtale. Billettsal inkluderer nettsal gjennom vår visingskalender på cinemateket.no og filmweb.no, samt i billettluka på Filmens Hus. Se prilsliste.

Kontakt