Publisert: 14.03.2011 | Sist endret: 12.10.2012
Kvar torsdag kl. 18.00 viser alle dei sju norske cinemateka den same filmen. Dette kan vere ein av dei store klassikarane eller ein mindre kjent film frå filmhistoria, som også publikum i dag fortener å få sjå på det store lerretet på kino og ikkje berre på dvd. Omtrent ein gong i månaden presenterer vi også ein nyare film som vi meiner er verdifull, men som ingen har sett opp på ordinær kino i Noreg.
Tips sendt!
* = Påkrevd felt
Torsdagsfilmen er namnet på samarbeidet mellom cinemateka om digitale visingar. Samkjøringa starta i 2008 og var resultatet av eit prosjekt som hadde til hensikt å gjere også klassisk årgangsfilm tilgjengeleg i det nye digitale formatet og på fleire stader enn i dei aller største byane. Alle visingane er i 2k eller 4k, som er mål på bildeoppløysing, og som no er standard for all digital vising av film på kino.
Filmane visast ordinært kl. 18.00, samtidig i alle byane. Av og til køyrast dei med ei innleiing, streama til lerretet frå eit av dei andre cinemateka. Dei fleste cinemateka køyrer fleire framsyningar av kvar film. For tidspunkt sjå den enkelte filmen eller sjå heimesidene til dei ulike cinemateka via www.cinematekene.no.
Torsdagsfilmen på det digitale cinemateket finansierast av Film & Kino og koordinerast av Norsk filminstitutt.
