Publisert: 05.03.2012 | Sist endret: 15.10.2012
Eit cinematek er ein kino som er knytt til eit filmarkiv. Nemninga stammar frå Cinémathèque française i Paris, grunnlagt 1936 av Henri Langlois og Georges Franju, som var den første store filmsamlinga som blei gjort offentleg tilgjengeleg.
Tips sendt!
* = Påkrevd felt
Film av kunstnarisk eller historisk interesse
Eit cinematek viser filmar av kunstnarisk eller historisk interesse og andre filmar som ikkje kjem i ordinær filmdistribusjon. I praksis har cinemateka også fungert som ein slags filmskule, som har gjort det mogleg for kommande filmskaparar å sjå og gjennom det å lære om film.
Programmet
I løpet av eit år viser Cinemateket rundt 500 unike titlar. Gjennom medlemskapet i filmarkivorganisasjonen FIAF, har Cinemateket eksklusiv tilgang på film frå filmarkiv over hele verda. Filmane blir stort sett presenterte i ein kontekst, gjennom ein serie eller eit fast visingskonsept. Frå tid til annan inviterer vi også til foredrag eller får besøk av filmforelesarar, filmkunstnarar eller filmskaparar. Gjestar på Cinemateket dei siste åra inkluderer David Lynch, Crispin Hellion Glover, Yoko Ono, Hal Hartley, Jane Birkin, Claudia Cardinale, Emir Kusturica, Michael Madsen, Victoria Abril, Theo Angelopoulos, Julio Medem, Isabelle Huppert, Mary Harron og mange andre.
Programmet er fordelt over seks program årleg. Kvart program dekker to månadar. Programmet presenterast i ein eigen programkatalog som kan plukkast opp på Filmens Hus. Han blir òg sendt ut per post til medlemmer.
Kinosalane
Den beste kinoopplevinga får du i kinosalane våre. Cinemateket er den einaste staden du framleis kan sjå film på film, i det originale analoge filmformatet, på dagleg basis. Vi har svært komfortable kinostolar, god beinplass, ingen reklame som forstyrrar i forkant av filmen – her er filmopplevinga i fokus. Vi viser 2D-film på kvitt lerret og 3D-film på sølvlerret. Med eit av dei beste lydanlegga i landet som er optimalisert både for klassisk film og nye blockbustarar er vi verkeleg staden for deg som elskar film på kino.
Teknikk
Cinematekets nyoppussa kinosalar Tancred og Lillebil er dei mest velutstyrte kinoane i landet. Vi har som mål å vise film i best mogleg kvalitet, uavhengig om filmen er laga i 1910 eller 2010. Vi ønsker også å gjenskape filmopplevinga publikum hadde første gongen filmen blei vist.
Arkivkopiane som Cinemateket har unik tilgang til er museumsgjenstandar, og det blir derfor stilt store krav til kinoutstyret som brukast og dei som styrer det.
Sida barndommen til filmen har filmkopiar primært blitt distribuerte og vist på 35mm over hele verda. Opp gjennom filmhistoria har det vore mange ulike format, slik som amatørformatet 16mm (laga for privatopptak/undervisingssamanheng, seinare eit populært format for kort- og dokumentarfilmskaparar, i tillegg til kunstfilm) og opp Rolls Royce'en til filmhistoria, breiformatet 70mm som kom på 50-talet. Vi er den einaste kinoen i Noreg som kan vise desse klassiske filmformata fullverdig.
Ikkje alle filmane/museumgjenstandane vi viser er nyrestaurerte. Dei kan vere prega av tidens tann, det kan vere litt sus på lydsporet eller støv og striper filmen har blitt påført gjennom eit langt liv. Men dette er ofte den einaste moglegheiten du har til å få sett filmen i det opprinnelege formatet sitt, og på eit stort lerret i ein kinosal. Mange av filmane vi viser er ikkje tilgjengelege på dvd, og dette kan difor vere den einaste sjansen du har til å få sett filmen.
Digitalt
I 2011 blei Noreg det første landet i verda som digitaliserte alle kinoane som ønska det. Samtidig opphøyrte distribusjonen av 35mm kinofilm, i dag blir alle nye filmar distribuerte på harddiskar til kinoane, typisk i ein filstørrelse mellom 100GB – 300GB, avhengig av kvalitet og lengde. Dette blei primært gjort for å spare pengar, då ein ikkje lenger treng å lage analoge filmkopiar. Vi har valt å installere Sony 4k digitalkinoutstyr her, i tillegg til høgkvalitets hd-videoutstyr. Dette gjer at vi også viser nye filmar i den beste kvaliteten.
