Publisert: 22.02.2012 | Sist endret: 25.10.2012
Cinemateket er visingsstad for fleire filmfestivalar.
Tips sendt!
* = Påkrevd felt
Cinematekkortet ditt gjeld som festivalkort ved fleire festivalar på visingar ved Cinemateket. Dette gjeld for Film fra sør, Skeive filmer og OIFF. Det same gjeld for 70mm-festivalen og Eurodok, som vi arrangerer sjølv.
Cinematekets eigne festivalar
Eurodok
Eurodok er den europeiske dokumentarfestivalen i Oslo. Festivalen arrangerast kvart år rett før påske, og han har som ambisjon å vise det beste av ny, europeisk dokumentarfilm og setje fokus på europeiske dokumentarfilmregissørar. Eurodok har fokus på ytringsfridomen og festivalen ønskjer å måle temperaturen på Europa, filmatisk og politisk.
Les meir om Eurodok her
70mm-festivalen
Cinematekets 70mm-festival er den største av sitt slag i verda. Festivalen viser episke storfilmar i det beste formatet kinofilmen nokon gong har produsert, og mange av dei i flunkande nye, restaurerte kopiar frå dei store Hollywood-studioa.
Betre blir ikkje kinoopplevinga.
Les meir om 70mm-festivalen
Festivalar Cinemateket samarbeidar med
Oslo internasjonale filmfestival (OIFF)
OIFF har gjennom meir enn 20 år hatt eit unikt fokus på film og filmskaparar. Festivalen ønsker på stå fram som ein kompakt festival, med eit godt og gjennomtenkt program, men utan store glamourfakter og loslitte raude lauparar. Filmen er alltid i fokus for OIFF.
Les meir på OIFFs heimeside
Film fra sør
Film fra Sør har etablert seg som ein viktig aktør i den norske kultur- og filmbransjen. Gjennom gode filmopplevingar, seminar, internasjonale gjestar og hendingar i løpet av året er festivalen blitt ein sentral arena for kulturell utveksling i hovudstaden. Stiftinga kombinerer idealisme med ei profesjonell tilnærming og fremmar verdiar som toleranse, openheit og respekt.
Les meir på Film fra sørs heimeside
Skeive filmer
Skeive Filmer er ein årleg internasjonal filmfestival som har som formål å vise filmar av, om og med homofile, lesbiske, bifile og transkjønna for å bidra til openheit og synlegheit av denne minoriteten og bidra aktivt til eit mangfaldig kulturliv i Oslo.
Les meir på Skeive filmers heimeside
